Korleis kan eit distriktsområde utnytte ressursar og mulegheiter til
å skape verdiar som gir grunnlag for å bu og arbeide der? Det kan
vere mange ulike svar på dette spørsmålet, men vårt svar i denne
boka er innovasjonsøkosystem. Med det meiner vi eit samarbeid i
nettverk mellom tre hovudgrupper av aktørar, nemleg forskings- og
utdanningsmiljø, offentlege styresmakter og bedrifter.
Innovasjonsøkosystem bygger på undersøkingar av nettverk med ulik
grad av suksess når det gjeld å «få humler til å fly». Vi har
dessutan gjort undersøkingar blant ungdommar for å kartlegge
karriereplanar, eldsjelfaktor og entreprenørlyst. Bidragsytarane har
variert bakgrunn og er frå Høgskulen på Vestlandet (Sogndal),
Vestlandsforsking, NTNU (Ålesund), NMBU (Ås), Koszalin University of
Technology (Polen) og Hordaland fylkeskommune. Boka eignar seg for
alle med interesse for næringsutvikling, regional utvikling og
ungdommar sine karriereval. Det vil seie personar tilknytte skular,
høgskular og universitet (studentar, lærarar, forelesarar,
forskarar), personar som arbeider med politikkutforming og
-gjennomføring (politikarar, tilsette i verkemiddelapparatet og
administrativt tilsette i kommunar, fylke eller stat), og andre
aktørar knytte til verdikjedene i ulike bransjar
(finansinstitusjonar, investorar, LO/NHO og andre organisasjonar i
arbeidslivet). Redaktør for boka Jon Gunnar Nesse er tilsett som
førstelektor ved Høgskulen på Vestlandet. Bidragsytarar: Jon Ivar
Håvold, Johannes Idsø, Grzegorz Kwiatkowski, Øyvind Heimset Larsen,
Kristin Løseth, Jon Gunnar Nesse, Ove Oklevik, Kristine Skarbø,
Ingjerd Skogseid, Torbjørn Årethun.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788245030174
Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Språk
Product language
Norsk
Format
Product format
Digital bok
Forfatter