Er du ein person som treng å bruke stemma i arbeidet ditt, eller som
har lyst til å få ei betre stemme og bli tryggare i formidling
generelt? Kanskje du skal lære bort munnlege ferdigheiter til elevar?
Her har du ei lettlesen bok med gode råd og tips til korleis du kan
utvikle, trene og ta vare på eiga og andre si stemme. I boka finst
det ei enkel innføring i korleis stemma fungerer, øvingar for å
finne den gode stemma, korleis bruke stemma optimalt, gode tips og
råd til korleis ein kan halde stemma ved like, og korleis ein kan
reparere stemma etter kraftig eller feil bruk. Korleis kan du betre
uttala di? Korleis kan du takle ulike romakustiske forhold og
nervøsitet? Publikum på alle kantar høver for skodespelarar,
lærarar, journalistar, politikarar, prestar, treningsinstruktørar og
mange, mange fleire. Alle desse veit kor mykje ei godt fungerande
stemme betyr i møtet med tilhøyrarane. Eldbjørg Lognvik er logoped
og har mange års erfaring som stemmepedagog ved Kunsthøgskolen i
Oslo, Teaterhøgskolen. Ho har halde stemmekurs, drive
stemmebehandling og har rettleia i stemmebruk både innanfor film og
teater og private og offentlege verksemder. «Jeg vil anbefale alle
som har lyst til å gjøre seg bevisst sin egen kropp og stemme, og
som skal snakke i større forsamlinger, å lese denne boken. Jeg
jobbet med Eldbjørg på Teaterhøgskolen og har dratt stor nytte av
teknikkene hun lærte meg. På teaterscenen har de vært uvurderlige,
og også da jeg skulle lære meg dansk, og når jeg skal lese inn
lydbøker eller være animerte karakterer i tegnefilm.» - Jakob
Oftebro, skuespiller
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788245028768
Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Språk
Product language
Norsk
Format
Product format
Digital bok
Forfatter