Kva skal til for at kvalitetsvurdering skal stimulere til
organisasjonslæring på den enkelte skole? Kan kommunar og fylke bli
meir solide skoleeigarar gjennom aktiv bruk av nasjonale prøver,
elevundersøkingar, tilstandsrapportar og statlege tilsyn? Korleis
unngår ein at kvalitetsarbeidet blir eit ritual som i liten grad
fører til betre undervising og læring? Dette er sentrale spørsmål
i denne boka, som rettar søkelys mot kvalitetsdiskursen både
nasjonalt og internasjonalt. Forfattaren ser på korleis leiing av
kunnskapsutviklande prosessar krev førebuing, gjennomføring og
oppfølging som skil seg frå tradisjonelt forvaltningsarbeid. Gjennom
utvikling av systemiske samhandlingsmønster kan skolar og
skoleeigarar etablere lokalt handlingsrom som styrker undervisnings-
og læringsarbeidet. Samstundes kan kvalitetslogikken også auke
avstanden mellom skolar, kommunalsjefar, rådmenn og politikarar.
Målgruppa for boka er fagpersonar, leiarar og studentar som arbeider
med spørsmål om kvalitetsvurdering og organisasjonslæring. Knut
Roald er dosent ved Høgskolen på Vestlandet med leiing,
kvalitetsarbeid og organisasjonslæring som forskingsområde Han har
bakgrunn som rektor, kommunalsjef og leiar av industriverksemder.
Forfattaren er knytt til masterprogram i utdanningsleiing og har
fagleg ansvar for studietilbod innanfor den nasjonale
rektorutdanninga.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788245027310
Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Språk
Product language
Norsk
Format
Product format
Digital bok
Forfatter