Nær og klok skildring av livet som småbarnsfar og son til ein pleietrengande Noralv Pedersen er 33 år og ventar sitt andre born. Ein dag får far hans eit hjerneslag og blir sterkt pleietrengande. Pedersen hamnar brått i ei dobbel tidsklemme. På den eine sida skal han handtera livet som journalist og småbarnsfar i byen, og samstundes ønskjer han å hjelpa faren og avlasta mora, som bur i heimbygda to og ein halv time unna. Mange er i same situasjon som Noralv Pedersen. Dei vil gjerne gi meir omsorg, men maktar det ikkje av ulike grunnar. Likevel unnlèt gjerne politikarane å snakka om den krevjande rolla dei pårørande har i det norske helsevesenet. Familie, vener og frivillige har lenge utgjort ein vesentleg del av den totale omsorga for eldre og pleietrengande i Norge. Men i dag er denne innsatsen under press...Korleis skal politikarane leggja til rette for at pårørande kan yta viktig omsorg for eldre? Og kva må pårørande sjølve vera villige til å forsaka for å gi ein pleietrengande mor eller far ein så verdig alderdom som mogleg? Noralv Pedersen er Cand.polit og har vore journalist i NRK sidan 2003. Han har tidlegare vore journalist og spaltist i fleire tidsskrift og aviser, m.a. Dag og Tid og Klassekampen.
Les mer
Sidetall hentet fra trykt utgave

Produktdetaljer

Publisert
2014-06-13
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Spartacus
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
E-bok

Forfatter