I ei verd som kan minne om vår eiga, blir den vesle, uavhengige staten Nordriket trua av den overlegne krigsmakta til Føderasjonen. Angrepet på Nordriket set i gang ein geriljakrig der terror og religiøs ekstremisme raskt veks fram. Folket i Nordriket kjempar ein kamp dei ikkje kan eller vil tape. Dei vil ikkje miste verken sjølvstyret eller dei religiøse tradisjonane dei har måtta kjempe for i tidlegare krigar. Harald, sonen til ein av motstandsheltane i Nordriket, forvandlar seg gradvis til ein soldat alle fryktar. Søstera Ingebjørg leitar både etter ektemannen, som er teken til fange av Føderasjonen, og etter ein måte å komme seg bort frå krigen på. Mens den føderale offiseren Henok ikkje skyr noko i kampen for å knuse motstandsrørsla, han vil hemne foreldra som mista livet i ein terroraksjon under førre krig. I Nordriket skjer eit nådelaust oppgjer mellom to ulike sivilisasjonar. Det er både spennande og urovekkande, underhaldande og vondt. Bli med inn i ei verd der familie, venskap og tillit blir sett på prøve - og i spel.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788242185754
Publisert
2020-09-23
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Lydbokforlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Lydfil
Sjanger
Skjønnlitteratur
Forfatter
Lest av