Jacob Juul er tilbake! Det er ei veke til den nye presten i bygda, Maria, skal gifta seg med Gjertrud, og gamlepresten Jacob Juul har tatt på seg vertskapsrolla og invitert til bryllaupsfest i prestegarden. Han får god hjelp av barnebarnet, Isabella Donnatina, som også skal vera brurepike, og ikkje fullt så god hjelp frå mor til Maria, Solveig Myklebust, som viser seg å vera ei handfull, men heldigvis er det fleire andre gode hjelparar. Det er derimot ei utfordring at den eine brura, Gjertrud, er gravid, og at sommaren er den varmaste i manns minne, og det hjelper ikkje at helsa til Jacob skrantar, men det mest prekære er likevel å få fjerna eit nake og oljete lik frå andre etasje og rista av seg eit par skruppellause bandittar som herjar i nabolaget. Ja, og å overtyda barnevernet om at prestegarden er den rette heimen for Isabella Donnatina, da. Velkommen tilbake til Finnskogen! Om Til jord skal du bli (2022): "Rølpete roman om en pensjonert prest som blir morder på side 1. Anbefales!" - SISS VIK, NRK "En lettbeint, velturnert, underholdende røverroman." - SIGMUND JENSEN, STAVANGER AFTENBLAD
Les mer
Terningkast 5! Totland skriv med herleg overtenning, og lar karakterane få lov til å blomstre i all sin bygdetunge sjarm. Dette er ironi, humor, sarkasme, parodi og friske spark i alle himmelretningar.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234013812
Publisert
2024-09-17
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Serie
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Lydfil

Forfatter