Andre bok i mektig dystopi frå brageprisvinnar Tore KvævenÅret er 2060. Fienden rykker inn. Generalløytnant John Arnhem trur ikkje lenger at krigen kan vinnast. Desillusjonert reiser han ut i Tanamiørkenen på eit siste oppdrag: å freista evakuera besteforeldra og kveget på farmen der han sjølv vaks opp, og slik også berga restane av livet han ein gong kjende. Brett Hammersley har kjempa som idealist i regimentet til Arnhem, men krigen er i ferd med å riva ho i filler. I von om å finna attende til det som ein gong betydde noko, freistar også ho å koma seg vekk, gjennom dette siste oppdraget. Men heller ikkje i Tanamiørkenens øydemarker er det lenger mogeleg å sleppa unna krigen. På same tid vert den øvste leiaren i Australia, utanriksminister Eden Elenia Caitleen, stilt overfor eit umenneskeleg val. I dette valet står ho einsam, og tida hennar er i ferd med å renna ut. Når alt ein tidlegare har kjent til, brenn og fell, kvar kan ein då snu seg? Når nederlaget står for døra, kva blir då attende å kjempa for? Og finst det likevel ei framtid, i desse landskapa av undergang?Om Raudt Støv. Bok 1 (2023):Terningkast 5!"Her er usedvanlig sanselige og nærmest indre beskrivelser av dyr og landskaper. Vakkert i alt det grufulle." - MIA BULL-GUNDERSEN, BOK365 Terningkast 6!"En usedvanlig billedrik og vakker roman" - VALERIE KUBENS, FÆDRELANDSVENNEN]]>
Les mer
Best er [Kvæven] i sine poetiske refleksjoner over liv og lagnad. Men bevares, dette er (...) en underholdende apokalypse.

Produktdetaljer

ISBN
9788234013508
Publisert
2024-10-08
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Serie
Vekt
398 gr
Høyde
212 mm
Bredde
140 mm
Dybde
30 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
310

Forfatter