I prosa frå ein oppvekst teiknar Jon Fosse eit bilete av Strandebarm og landskapet han kjem frå, med fjord og fjell, småbruk og sauer, bedehus og ungdomshus. Fosse fortel om alt det gode i barndommen, besteforeldre, hyttebygging og raspeballar, men også om det vonde, å oppdage at døden finst. Boka handlar også om ungdomstid med røyking, drikking, klining, gitarspeling og skriving. Jon Fosse har sjølv karakterisert Prosa frå ein oppvekst som «ei lukkeleg bok», men sannferdig vart det ikkje, også denne boka er «løgn og forbanna dikt». Frå grunngjevinga til Svenska Akademien for tildelinga av Nobels litteraturpris til Jon Fosse: «Nobelpriset i litteratur år 2023 tilldelas den norska författaren Jon Fosse, 'för hans nyskapande dramatik och prosa som ger röst åt det osägbara'.» «Det finns en djup värme och naiv blottställdhet i hans avskalade bilder av mänsklig erfarenhet.» Anders Olsson, leiar i Nobelkomiteen i Svenska Akademien Om Prosa frå ein oppvekst: «Ambisiøs og vellykka» Øyvind Berg, Klassekampen «Prosa frå ein oppvekst er en upretensiøs og sjarmerende liten bok.» Terje Eidsvåg, Adresseavisen «Prosa frå ein oppvekst inneheld språklege avskrellingar til det heilt enkle står att med sine gåter.» Knut Ødegård, Aftenposten
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234012648
Publisert
2023-11-09
Utgave
2. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Serie
Vekt
90 gr
Høyde
200 mm
Bredde
128 mm
Dybde
6 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
70

Forfatter