I løpet av nokre sommardagar utspelar det seg eit trekantdrama mellom eg-personen, barndomskameraten Knut'en og kona til Knut'en. Knut'en bur i byen, men er kommen heim til bygda på ferie. Naustet er spennande som ein kriminalroman, skriven i ein repeterande og suggererande stil. Det handlar om vennskap, kjærleik, sjalusi og død. Sommardagane får ein brutal ende, uroa hjå eg-personen blir ikkje til å halde ut, og han bestemmer seg for å skrive ein roman. Naustet kom første gong ut i 1989 og var eit gjennombrot for Jon Fosse. Opningsreplikken i romanen har vorte ein klassikar. «Eg går ikkje ut lenger, ei uro er kommen over meg, og eg går ikkje ut.» Frå grunngjevinga til Svenska Akademien for tildelinga av Nobels litteraturpris til Jon Fosse: «Nobelpriset i litteratur år 2023 tilldelas den norska författaren Jon Fosse, 'för hans nyskapande dramatik och prosa som ger röst åt det osägbara'.» «Det finns en djup värme och naiv blottställdhet i hans avskalade bilder av mänsklig erfarenhet.» Anders Olsson, leiar i Nobelkomiteen i Svenska Akademien. Om Naustet: «Han viderefører arven fra Vesaas.» Simen Skjønsberg, Dagbladet «Allerede i denne tidlige roman, som er blevet en norsk nyklassiker, havde han udviklet det lavmælte til perfektion.» Klaus Rothstein, Weekendavisen «Psykodrama» Tove Valmot, VG
Les mer
Forlagsserie hentet fra forlagets hjemmeside

Produktdetaljer

ISBN
9788234012631
Publisert
2023-11-09
Utgave
6. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Serie
Vekt
206 gr
Høyde
200 mm
Bredde
128 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
204

Forfatter