Om det tragiske forholdet menneska har til naturen. Me elskar den urørte naturen, og likevel øydelegg me han. Me treng han til å driva intensivt jord- og skogbruk, til bygging av vegar og hyttefelt - og til vindkraft. Me kallar det «arealregulering». Og sjølv om me prøver å snu utviklinga, vert landskapet forvandla. Villmark vert til illmark, og artar døyr. Me kallar det «eit grønt skifte». Korkje reinsdyr, bekkar, fuglar eller planter kan setta seg opp mot inngrepa og overgrepa. Kan me protestera mot oss sjølve? Eller må me berre sørga i sympati med andre skapningar? Dette er dikt om framandlekamar i jordkroppen. Om landskap med vindturbinar. Om sprenging i fjell og punktering av myrar. Om det tragiske forholdet menneska har til naturen. Er det protestdikt eller elegiar? Er dikta lyriske eller satiriske? Kan poesien både ta bladet frå munnen og fly av garde på ørnevenger? Tangerås gjev ord til dei stemmelause, og tek språket attende frå dei som omskriv sanninga. RONDELET vinternatt i Tindafjellet, bitande vind i vinternatt bitande tindevind og bin av tindrande rubinar i turbintårnas toppar lysets emissærar, landterner i vinternatt
Les mer
rikholdig, konsentrert og nært på naturen som forsvinner .... [V]irtuost håndtert på liten plass

Produktdetaljer

ISBN
9788234012297
Publisert
2024-02-16
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
260 gr
Høyde
225 mm
Bredde
151 mm
Dybde
13 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
137