Handlinga er godt fortald, heilt utan daudpunkt. Sjølv ganske kvardagslege situasjonar blir temmeleg god lesnad. Det er lett å leva seg inn i boka.

- Magnus Rotevatn, Framtida.no

underhaldande om venskap og løyndommar ... Utveg er ei godt komponert ungdomsbok. Ho er lett å pløya seg gjennom og særs engasjerande ...

- Magnus Rotevatn, Framtida.no

Mange unge vil kjenne seg att i lausrivingsprosessen. Språket er klårt og kapitla korte og effektive ... [E]in høgst leseverdig og spennande roman for ungdom.

- Astrid Fosvold, Periskop

Når alt ikkje er som det ser ut. Johanne går andre året på vidaregåande og har allereie begynt å planlegge framtida si når ho er ferdig på skulen. Ho vil studere psykologi, flytte ut av den tronge bygda og oppleve verda. Men forelda har andre planar for henne, dei vil at ho skal overta slektsgarden. Gjennom nokre varme veker i mai blir Johanne tvinga til å ta eit oppgjer med familien sin, venene sine og ikkje minst med seg sjølv. Skal ho halde fram den nye venskapen med Linn, sjølv om Linn heng med rånarane og er så annleis enn ho sjølv? Skal ho ta over garden eller bryte med tradisjonen? Og korleis skal ho stille seg til familiehemmelegheitene som plutseleg dukkar opp? "Utveg" er ein roman om venskap, om det å vekse opp og finne ut at vaksne ikkje alltid gjer det rette, og kanskje finne nye vegar ein ikkje visste fanst.
Les mer
Handlinga er godt fortald, heilt utan daudpunkt. Sjølv ganske kvardagslege situasjonar blir temmeleg god lesnad. Det er lett å leva seg inn i boka.

Produktdetaljer

ISBN
9788234012112
Publisert
2024-04-04
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
252 gr
Høyde
211 mm
Bredde
138 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
12-16
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
151
Sjanger
Skjønnlitteratur
Innkjøpsordning
Kulturfond