Kunsten å vere seg sjølv. Tretten år gamle Vida stammar, m-mmasse. Og som om ikkje det var nok, har besteveninna hennar nettopp flytta sin veg, og Vida må byrje i niande klasse utan henne. Mamma skjønar som vanleg ingenting og meiner Vida lett kan finne seg nye vener. Men korleis skal Vida klare det når ho ikkje eingong klarar å seie sitt eige namn? Ein dag byrjar Viktor i klassen til Vida. Viktor har cerebral parese og haltar på eine foten, men likevel blir han inkludert med ein gong. Kva er det Viktor gjer som Vida ikkje får til? Og finst det noko ho kan gjere for å legge stygge, stotrande Stamme-Vida bakom seg, ein gong for alle?
Les mer
I sin andre ungdomsroman skildrar Tone E. Solheim stamming med stor litterær kraft.

Produktdetaljer

Publisert
2024-01-15
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
12-16
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
221

Forfatter