Politisk poesi frå dagens USA .
"Ny amerikansk poesi 2" er ei rik og variert samling poesi frå unge poetar som er ulike i uttrykket, men har det til felles at poesien er forma av aktivisme og systemkritikk. Enten det handlar om krig, vald, klima, kolonialisme, familierelasjonar, klasse, minoritetserfaringar eller seksuell identitet, skriv dei med eit alvor og ein språkleg presisjon som gir oss det håpet vi treng når ting ser mørkt ut.
I 2018 kom det første bandet av "Ny amerikansk poesi" - med dikt frå mellom andre Ocean Vuong, Danez Smith og Sarah Wintz. No kjem det neste, med åtte nye samtidspoetar frå USA, gjendikta av unge norske poetar som dei deler eit litterært eller tematisk slektskap med.
Solmaz Sharif - Kaisa Aglen | A.H. Jerriod Avant - Mathias R. Samuelsen | Jenny Zhang - Svanhild Amdal Telnes | Roque Raquel Salas Rivera - Amalie Kasin Lerstang og Kristine Helliesen | Keith S. Wilson - Martin Ingebrigtsen | Brandon Shimoda - Bendik Vada og Martin Brovold | Orlando White - Rune F. Hjemås | Fatimah Asghar - Priya Bains
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788234012013
Publisert
2024-04-24
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Serie
Vekt
262 gr
Høyde
225 mm
Bredde
152 mm
Dybde
10 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
136