[Ingvill Kjærstein har] eit uvanleg godt språk, som mang ein debutant kan misunne henne. Det er presist, det fangar detaljen, har blikk for det komiske i dei små situasjonane, og det formidlar kunnskap om daglegliv i Japan i bisetningar. Og ettersom språket er sjølve grunnlaget for ein forfattar, er det all grunn til å følgje Kjærstein vidare i forfattarskapet.

- Marta Norheim, Morgenbladet

Det er nettopp i språket Kjærsteins styrke ligger, i de mange klare bildene og den vakre flyten.

- Cathrine Krøger, Dagbladet

Kjærstein faldar ut forteljinga i ein svært god prosa ... Legg til at Kjærstein også leikar seg med førestillingar om det eksotiske, og utanfrå-blikket på stadar, enten det er Sykkylven eller Kyoto, (...) så bør det vere klart at dette er ein rik debutroman.

- Helene Hovden Hareide, Klassekampen

Se alle

Historia ... er umiddelbart fengande og går føre seg i eit fysisk og emosjonelt landskap ein ikkje så alt for ofte har kunna lesa om i norsk skjønnlitterær samanheng.

- Live Havro Bjørnstad, Norsk Tidend

På svært effektivt vis skriv Kjærstein fram eit annleis og framandt romanunivers, og som lesar vert eg nyfiken og har lyst til å verta verande.

- Live Havro Bjørnstad, Norsk Tidend

Frykt og avsky i Japan. «Ein gong hadde eg høyrt eit kvinneskrik i korridoren på eit love hotel. Lyden kom frå eit av romma. Ho blir drepen, hadde eg tenkt. Det var ingen tvil. Vi må redde ho, nesten ropte eg til Ayame, men ho lo berre. Hjelp er det siste ho treng, flirte ho og låste opp døra til rommet vårt. Men tanken på skriket sleppte ikkje taket, sjølv ikkje då vi låg med kvarandre.» Ei ung kvinne arbeider som engelsklærar i Kyoto. Ho bur i ei skrøpeleg leilegheit og held seg mest for seg sjølv. Dei stadige blikka og spørsmåla ho får, minner ho på at ho ikkje høyrer heime i landet, sjølv om ho har budd der i fem år og snakkar språket godt. Ein sein januarkveld ringer det på døra, men det er ingen der. Då det skjer igjen, byrjar tankane å spinne, og tryggleiken ho har bygd opp, tek til å krakelere. Etter kvart som menneske, naturkrefter og uforklarlege fenomen forstyrrar isolasjonen hennar, får ho stadig større problem med å halde omverda på avstand. «Austvestpassasjen» er ein roman om frykt, språk, einsemd og tiltru. Om å gje seg over til ein annan kultur og framande menneske. Om daglege trugsmål som får naturkreftene til å bleikne.
Les mer
[Ingvill Kjærstein har] eit uvanleg godt språk, som mang ein debutant kan misunne henne. Det er presist, det fangar detaljen, har blikk for det komiske i dei små situasjonane, og det formidlar kunnskap om daglegliv i Japan i bisetningar. Og ettersom språket er sjølve grunnlaget for ein forfattar, er det all grunn til å følgje Kjærstein vidare i forfattarskapet.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2024-02-19
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
191
Sjanger
Skjønnlitteratur
Innkjøpsordning
Kulturfond