Variert diktverk om sjukdom, liv og død.
«Eit større regn» undersøker dei eksistensielle konsekvensane av å leve med sjukdom og skade. Korleis det påverkar synet på verda og ein sjølv, korleis det grip inn i og endrar nære relasjonar, og kor sårbar ein kan vere ovanfor endringar i politikk og samfunn.
Tekstene strekk seg både mot det språket neppe kan gripe, og det som rådande samfunnssyn gjer stumt: Kva sanningar og opplevingar gir vi rom til, og kva vert skubba attende i språkløysa og bak lukka dører? Korleis kan ein kvar dag leve med det som ikkje skal finnast, som ingen av oss vil skal finnast? Korleis ser lykke, livslyst og kjærleik ut då?
Kaisa Aglens tredje bok er både politisk og eksistensiell, men først og fremst eit vakkert poetisk verk.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788234010514
Publisert
2023-03-01
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
302 gr
Høyde
240 mm
Bredde
172 mm
Dybde
12 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
130
Forfatter