Bukk & Sigd er ei bok om alt poesien kan vere. Ein poet sit på heimekontoret, omgitt av flytteesker med bøker. Gjennom loftsvindauget har han utsikt over heile Trondheim. Frå dette utkikkspunktet snakkar han med døde barndomsvenner, familiemedlemmer og kunstnarar, i ein samtale som vandrar frå superheltteikneseriar, filmteori og uskuldige piggsvin til oppvekst, tid og økonomi. Heile tida vaker spørsmåla i randsona: Kvifor er eg poet? Kvifor lever eg nett dette livet? Svaret finst kanskje i forteljingane om eit syskenpar, Bukk & Sigd, som ikkje får vere saman. Bukk & Sigd er eit resultat av Martin Ingebrigtsens arbeid som poet og gjendiktar og virket hans som skrivelærar gjennom fleire år. Det er ei bok som vil inspirere og engasjere alle som elskar litteratur med sine rike perspektiv og store spenn.
Les mer
Bukk & Sigd er en bok om skapelse og spøkelser, tap og trøst . om hvordan alt dette kan ta form i poesien [.] Den poetiske modusen er ekspanderende, hvert dikt er konstant i bevegelse og endrer seg sammen med poetens egen holdning og forståelse av det ha
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2023-05-30
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok