Dramatisk avslutning på spenningsserien «Overleve». Etter at forskarar sleppte ut enorme mengder vulkansk oske på Jan Mayen i eit forsøk på å stoppe den globale oppvarminga, har det motsette skjedd: Ei ny istid har begynt. Snart vil det vere umogleg å bu på den nordlege halvkula. Saman med foreldra og nokre andre få utvalde flyktar Jamal og Eira med havforskingsskipet Bluenose mot sørlegare strøk. På øygruppa Makaronesia skal det framleis vere mogleg å bu, men også der trugar den skremmande iskanten med å sluke kvar einaste øy. Americas rykker stadig nærmare Alliansen, og ein invasjon verkar uunngåeleg. Og ingen veit kva Den Kinesiske Staten planlegg. Kven har den mektigaste flåten? Kven kjem til å vinne krigen? Er det i det heile tatt mogleg for menneskeslekt å overleve? Den siste krigen er siste boka i spenningsserien «Overleve», som tar deg med til ei nær framtid, der menneska er utryddingstruga. Boka er illustrert av Nikolai Lockertsen.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2023-03-09
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Serie
Aldersnivå
12-16
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Illustratør