Nominert til Barnas bokpris 2024! Korleis vere perfekt uperfekt? Orion Sigerstad er perfekt. Så perfekt at han ikkje har brukt viskelêr i heile sitt liv, for han skriv aldri feil. Han anar ikkje kor rektors kontor er, for han har aldri oppført seg i nærleiken av dårleg. Og han spelar fløyte så perfekt at han kjem til å bli tidenes yngste elev ved Makelaus musikkonservatorium. Han må berre få vist det på den store konserten i morgon! Men på konsertdagen vaknar Orion og er blitt heilt bajas. Når han skal seie pent god morgon til foreldra, brølar han i staden. Han skriv TISS som svar på matteoppgåva. Han kastar ball i ansiktet på gymlæraren. Og han spelar ikkje ein einaste riktig tone på fløyta. Kva er det som går av han? Og går det an å fikse det i tide til den viktige konserten? Boka er illustrert av Maja Kjellstad Aanonsen.
Les mer
Med sin sprø humor og mange uventede hendelser passer denne boka svært godt til høytlesning.

Produktdetaljer

ISBN
9788234010309
Publisert
2023-09-01
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
335 gr
Høyde
205 mm
Bredde
153 mm
Dybde
16 mm
Aldersnivå
6-9
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
149

Forfatter