Tredje boka i den kritikarroste Bomullskvartetten.Da Kathrines mor vaks opp, vart den eine krigen avløyst av den neste. Små bomullsspinneri utvikla seg til store tekstilkonsern. Kathrines mor Greta flytta til Sverige, hamna i Skellefteå og opplevde framgangsrike år for tekstilindustrien.I overgangen frå sytti- til åttiåra går Kathrine på gymnaset og veit i alle fall ein ting: Ho skal ikkje arbeide i tekstilen. Ikkje berre fordi det er ei ny tid, og Algots Nord styrer mot konkurs til liks med store delar av tekstilindustrien elles. Ho er sikker på at det finst ei større verd enn mors og mormors der ute. Ho lengtar bort, ikkje berre frå det innestengde livet i småbyen, men også frå morsarven, Finland og klesindustrien. Ho gir seg ut på ei planlaus reise som tar henne til storbyen Göteborg og vidare ut i Europa og verda.Barnebarnet er tredje boka i ein kraftfull kvartett om kvinners liv, arbeid og lengt i Finland og Sverige på nittenhundretalet. Ei forteljing om krig og fred, kjærleik og venskap, der kvardagsliv og verdspolitikk er trådar i same veven.Frå svensk ved Runa Kvalsund.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788234010095
Publisert
2025-02-20
Utgiver
Vendor
Samlaget
Serie
Vekt
511 gr
Høyde
211 mm
Bredde
138 mm
Dybde
35 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Sjanger
Skjønnlitteratur
Forfatter
Oversetter