Litterært meisterverk. [...] Perkele anamma, for ein fantastisk roman Susanna Alakoski har skrive.

Tara

Rikt storverk om kvinneliv gjennom fire generasjonar. Hilda blir fødd i 1905 og veks opp på garden Sorola i Österbotten, i ei tid der Finland er prega av uår og krig. Mor fekk stiresjuka etter fødselen og er bortanfor alt. Far er i Amerika. Men Hilda er ikkje einsam, ho har katten Kisuli og eldgamle, gudfryktige Sanna-täti, som tar hand om alt. Då Hilda blir større, hamnar ho i ulykka og må reise frå tryggleiken heime for å gå i teneste på ein annan gard. Det er tungt arbeid frå morgon til kveld, fritid kan ho sjå langt etter, og ho kjenner arbeidet på kroppen sjølv om ho enno ikkje er fylt tjue. På garden er også Helli, som blir hennar beste ven. Helli forstår ikkje kvifor nokon må slite så hardt for andre, og tar med seg Hilda til Vasa, til den store byen med den oransjefarga bomullsfabrikken og ein lovnad om eit anna liv. «Bomullsengelen» er første bok i ein kraftfull kvartett om kvinners liv, arbeid og lengt i Finland og Sverige på nittenhundretalet. Ei forteljing om krig og fred, kjærleik og venskap, der kvardagsliv og verdspolitikk er trådar i same veven. Boka er omsett av Runa Kvalsund.
Les mer
Litterært meisterverk. [...] Perkele anamma, for ein fantastisk roman Susanna Alakoski har skrive.

Produktdetaljer

Publisert
2023-02-09
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
507
Orginaltittel
Bomullsängeln
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter
Oversetter