Olav H. Hauge var og er ein av Noregs kjæraste diktarar. Han skreiv tidlause dikt om livet og naturen. Nokre av dikta skreiv han som sonettar, og det er ingen tvil om at desse er nokre av dei beste dikta Hauge skreiv. I denne vakre gåveboka har vi samla over 30 sonettar frå diktaren si hand, inkludert nokre av dei han gjendikta av Shakespeare, Wordsworth og Spenser.
Utval og etterord ved Stefan Andreas Sture.
Til eit Astrup-bilete
Kan henda drøymde dei um dette her
å møtast på ein klote, på ein stad
der hegg og apal stend i syreblad
og blømer slik ei dulgrøn vårnatt nær
ved fjorden? Vera saman, planta bær
og så ein innvigd åker rad for rad
med urter bak ein steingard som dei la
kring helga lundar, dei som fyre fer?
Dei er i riket sitt og sår si jord.
Og vårnatti er ljos av draum og gror.
Dei legg kje merke til at ein kjem stilt
i snjoskardet og stig på vatnet no.
Men då dei natta, såg dei månen vod
i gullserk ute der so unders mildt.
Les mer
Etterord av Stefan Andreas Sture
Produktdetaljer
ISBN
9788234009693
Publisert
2022-09-07
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
130 gr
Høyde
191 mm
Bredde
120 mm
Dybde
11 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
54
Sjanger
Skjønnlitteratur
Forfatter