Vindpust av lengt. Gjennom tilbakeskodande sveip får lesaren innblikk i endringar, i eit sjølv, i ei tid og i naturen som omgir oss. Her er livslinjer som kryssar kvarandre, men som ikkje alltid møtest, lik linjene i horisonten som heile tida peiker mot noko anna, fortidig eller framtidig. Dikta i «Vegemot» handlar om å kjenne seg heime i eit landskap, utan at alt er falle på plass i livet. Om ein lengt som enno finst, og eit eg som framleis kliv, søkande og på leit, mot himmelbrynet, lik den vemodige låten av heiloa over levetidslandskapet.
Les mer
Boka lokkar blikket mitt vekk frå alt som brenn og herjar, svalar tanken og lèt meg vere der eg har det godt. Ved vatnet, på fjellet, langs elva. Lengtande, likevel. Sjeldan har eg kjent meg så nær i slekt med eget i ei diktsamling som i Terje Tørrisplass. Vegemot. Å lese dikta er som å la seg omfamne av naturen, falle undrande til ro, men framleis lengte seg nærare sitt menneske på jorda.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234009488
Publisert
2022-09-05
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
152 gr
Høyde
225 mm
Bredde
152 mm
Dybde
7 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
65