Denne gongen handlar det om Ukraina og Russland. Den ukrainske poeten Ljuba Jakimtsjuk tar lesarane med inn i bustadhusa i Kyiv, medan bombene regnar over byen og fortel om korleis det kjenst å plutseleg vere eit mål i ein angrepskrig. Ljuba Jakimtsjuk (Lyuba Yakimchuk) er elles eit namn å følgje med på. I USA har ho gjort suksess med diktsamlinga Apricots of the Donbas (University of Washington Press 2021 ). I april las Jakimtsjuk eigne dikt under Grammy-utdelinga. I artikkelen På sporet av Vladimir Putins verdsbilete skriv Russlandskjennar Kåre Johan Mjør om korleis Vladimir Putin brukar historia instrumentelt for å rettferdiggjere eigne geopolitiske ambisjonar. Ingunn Lunde, som er professor i russisk språk og litteratur ved Universitetet i Bergen, gjer eit djupdykk i forfattarskapen til Guzel Jakhina og Sergej Lebedev. Ho fortel også om kvifor russiske samtidsforfattarar aldri slepp unna fortida. Den belarussiske demokratiforkjemparen Darya Shut voks opp med ein far som var politisk dissident. I Syn og Segn fortel ho om vegen frå å skamme seg over sin eigen familie, slik ho gjorde då ho var barn, til å bli ein av dei aller mest aktive i det belarussiske eksilmiljøet i Noreg. Syn og Segn kastar seg også inn i 125-årsfeiringa av Tarjei Vesaas. Nordiskprofessor Benedikt Jager fortel historia om korleis Vesaas endeleg slo gjennom i Tyskland, vel femti år etter første forsøk. Journalisten Eva Marie Bulai skriv om verdien av tillit og gjer eit djupdykk i rumensk politisk kultur. Syn og Segn 2-2022 har også ei ny diktspalte redigert av poeten Martin Ingebrigtsen. Første poet ut er Kaisa Aglen. Karl Egil Johansen analyserer fråhaldsrørsla sin veg frå å vere den sterkaste folkerørsla i Noreg til å bli marginalisert. Journalisten Per Emil Skjelbred skriv om den tyske politikaren Sarah Wagenknecht og hennar retoriske felttog mot den liberale venstresida. Vi trykker også intervju med forfattaren Erika Fatland, Øyvind Nordsletten, som er tidlegare norsk.
Les mer
128. årgang

Produktdetaljer

ISBN
9788234009150
Publisert
2022-04-29
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
279 gr
Høyde
260 mm
Bredde
200 mm
Dybde
8 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
98
Sjanger
Faglitteratur