Ei bygd, eit hus, ein mann og ein draum. Kva for nye sjansar kan opna seg om ein lukkar alle dører, bortsett frå ei?
Siri Helle hadde lenge drøymt om eigne poteter og grønsaker, tuntre og dyr, men kjøpekontrakt, bustadlån og same utsikt kvar dag skremde henne. Som vaksen har ho flytta over tretti gonger. Ein dag tek Siri Helle det store steget og flyttar heim til Holmedal i Sunnfjord. Saman med sambuaren og snikkaren Asle kjøper ho eit hus, eit uthus og nesten to mål jord i eit klyngetun. Her vil dei bu for alltid. Men klarar ho å finne ro?
Siri Helle gjev seg sjølv eitt år. Eitt år på å finne ut om ho passar til dette livet, om ho kan seia seg nøgd med å ha flytta attende til heimbygda. Ho snikrar, dyrkar, jaktar, fiskar og skaffar seg to- og firbeinte venner. Og kjenslene spenner frå mørk fortviling til glimt av ekstatisk lukke. Dette er ei forteljing om ein heim og om arbeidsglede, men er også ei kjærleikshistorie. Det handlar om å vera to om det store prosjektet. Kva nye sjansar opnar seg når ein lukkar alle dører bortsett frå ei? Bli med til Trollefossvegen 23.
«Skal du bare lese én bok i år om å etablere seg på nytt i bygda der du vokste opp, må det bli denne.»
- Knut Hoem, NRK
Les mer
Skal du bare lese én bok i år om å etablere seg på nytt i bygda der du vokste opp, må det bli denne.
Produktdetaljer
ISBN
9788234008498
Publisert
2022-08-11
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
299 gr
Høyde
195 mm
Bredde
137 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
213
Forfatter