Jungelmedisin, klysegutar og verdas viktigaste fotballkamp! Tom saknar bestevenen Martin, som ligg halvdaud på sjukehuset. Saman skulle dei vunne den superviktige fotballkampen mot den motbydelege erkefienden Preben og laget hans. Men utan Martin vil dei heilt sikkert tape. Når familien Gnork flyttar frå jungelen til Tom sin kjedelege småby, blir håpet tent. For om Tom gjer familien Gnork ei teneste, skal dei lage ein heidundrande naturmedisin som vil gjere Martin frisk og speleklar til kampen. I forsøket på å lage medisinen må både krokodillar, kattar og kvalar til pers som prøvekaninar, noko som får uana konsekvensar. Og i skuggane lurer Preben med skumle planar... «Familien Gnork» er ei sprø og munter forteljing om venskap, fiendskap, edderkoppjakt, flygande krokodillar og heimelaga medisin med utrulege biverknader. Og fotball, sjølvsagt. Boka er rikt illustrert av Line Halsnes.
Les mer
Familien Gnork av Thoralf Fagertun er full av sjarm og humør, men slett ikke uten slagkraft.

Produktdetaljer

ISBN
9788234007774
Publisert
2022-09-12
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
388 gr
Høyde
205 mm
Bredde
155 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
183

Forfatter
Illustratør