Eit brutalt drap har råka fjellheimen, og ei ung seterjente er ettersøkt. Lenge etter at leitinga er avslutta, byrjar rykta å svirre: Jenta er sett der oppe, i fjella. Sel og eldhus har vorte brotne opp, ting manglar. Det seiest at ho vil snakke med presten. Sebastian Ribe, presten i bygda, legg i veg. Med seg får han den fjellvane sauebonden Reidar Skåren. For det å hjelpe presten med å spore opp seterjenta er vel ein framifrå sjanse for Reidar å vise at han framleis er Fjellmannen i bygda? «Vardane» er ein roman om ein uventa venskap, om ei gåtefull leiting i rå natur - og om tre menneske som, utan at dei veit det sjølv, på kvart sitt vis er fortapte. Terningkast 5! «Snål og vakker [...] Motstrøms, gammelmodig og vakkert om ei hulder, en prest og en ensom fjellmann [...] noe helt for seg selv.» - Cathrine Krøger, Dagbladet Terningkast 5! - Stavanger Aftenblad På høgd med det beste [...] Det er uhyggeleg og vakkert. Det er grufullt og hjarteskjerande, men det siste avstår eg frå å seie noko om. Det er trass i alt ei slags krimgåte i botnen. Det er gåtefullt - men dermed blir òg Martin Baldysz' forteljing eit lite stykke poetisk tekst med stor overføringsverdi. - Ingvild Bræin, Dag og Tid
Les mer
... magien er der, og den fungerer

Produktdetaljer

ISBN
9788234007507
Publisert
2022-08-17
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
285 gr
Høyde
211 mm
Bredde
138 mm
Dybde
16 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
133

Forfatter