Framstillinga av jentenes seksualitet er ei av dei beste skildringane av ungjenters uendelege kåtskap eg kan hugse å ha lese i nyare norsk litteratur

- Maria Horvei, Vinduet

Å, så godt det gjer å lese ei odelsforteljing med ny giv og nye perspektiv [.] Her ljomar «Brittas fitta» på repeat over campingvognene på lansleiren til Norsk Bygdeungdomslag - i fire dagar til ende.

- Eivind Myklebust, Klassekampen

I Kristin Auestad Danielsens nye roman Du er bonde finst heile spekteret, frå lyst og glede overfor natur og gardsdrift og vilje til nyvinning til djupt mismot overfor så vel odel som moderne landbruk.

- Margunn Vikingstad, Morgenbladet

Se alle

Danielsen har ei eiga evne til å skrive overraskande og rare setningar som gjer det lett å leve med fråværet av normal, logisk progresjon. Eg er sjølv bonde. Medan eg går ut til traktoren, tenkjer eg at ideen om å plante store tre på landets beste landbruksareal naturlegvis ikkje er ønskeleg eller gjennomførleg. Men som ein fantasi om . og ein lengsel etter . ei slik verd tatt tilbake av naturen, byr «Du er bonde» på mange gode stunder og aparte, små setningar.

- Ola Hegdal, NRK

Med «Du er bonde» viser Danielsen til fulle at hun er en romanforfatter å regne med. Dialogen er vittig, men også sår. Her er satirisk samfunnssnert, som hos Marit Eikemo, og rå seksuell ungdommelig kraft, som hos Olaug Nilssen.

- Mari Grydeland, Aftenposten

Om odelsjenter og antidrift. «Du er ikkje fødd odelsjente», sa Simone de Beauvoir, «du blir det.» Men slik er det ikkje i Gjesdal kommune. Iallfall ikkje på 1990-talet. Tiåret då Noreg fekk ny konge, då Lady Diana døydde, og då det gjaldt å halde på jomfrudommen så lenge som mogleg utan å vere prippen. To jenter overtar kvar sin gard, og det blir ein kamp om korleis ein skal drifte jorda. Mens den eine utviklar nye sauesortar og sprenger tunellar på alle kantar, synest den andre at det moderne landbruket har gått for langt - ho lanserer tanken om antidrift. Men dette skal vise seg å vere ein farleg idé med alvorlege konsekvensar ikkje berre for henne, men for heile Jæren. «Du er bonde» er ein fabel om arv, plikt og seksualitet i det moderne landbruket.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234006791
Publisert
2022-04-22
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
275 gr
Høyde
212 mm
Bredde
137 mm
Dybde
17 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
151
Sjanger
Skjønnlitteratur
Innkjøpsordning
Kulturfond