Balstyrig og burlesk showtunesprosa. «Skap & Sørg» er ei maksimalistisk, syngjande og laussleppt prosasamling med stort språkleg register, ublyg energi og faretruande humor. Her møter du ein forderva og ufjelg ranglebande som du slett ikkje vil ha på besøk, eit stormforelska par som rømmer heilt ut i verdsrommet for å sleppe unna seg sjølve, kvardagen og den ulmande undergangen, ein bortkomen gud som motvillig set seg ned og skapar ei verd som minner mistenkjeleg om vår eiga, og til og med deg sjølv ei natt du har vanskar med å få sove. I «Skap & Sørg» utforskar Arne Henning Årskaug mekanismane som får menneske til å trasse og til å lystre, alle dei gørre livsvilkåra ein må hanskast med anten ein vil eller ikkje, på sitt eige gjenstridige og usjenerte vis.
Les mer
Sidan han som skriveglad og skrivefør .. morosam også ..forfattar debuterte med «Utstyrstekstar» i 2015, har Årskaug finslipt ein stil som var oppsiktsvekkande alt då. Nå er han beint fram (samanlikna med det meste eg har lese) heller eineståande med sine orglade og ordhage eksessar
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234006586
Publisert
2022-02-04
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
244 gr
Høyde
211 mm
Bredde
137 mm
Dybde
14 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
120