Her finn vi djupe og tankevekkjande refleksjonar over døden som fenomen, grunnleggjande poetiske tankar som er noko av det mest gripande eg har lese på lenge: .vit at snøen fell over deg og grava di/ tidleg i februar og til alle tider..

- Kjetil Berthelsen, Dag og Tid

det som overtyder meg i denne boka [.] er kor gjennomført den verkar. Forfattaren vel seg nokre motiv som kanskje kan summerast opp som «Øyvor, snø og Ø», og borar i dei samlinga gjennom, ved å ta i bruk lydlege, visuelle og formmessige grep som både er varierte og fungerer innanfor ramma han har laga seg. Tangerås har eit språkleg og musikalsk handlag som røyver noko sjølv i lesarar som har utvikla motstandskraft mot sorgdikt fulle av snø.

- Helene Hovden Hareide, Klassekampen

Eit språk utan ord - om sorga over eit barn som vart borte. På ein kyrkjegard ein dag i februar: Eit barn vert gravlagt. Snøen fell over grava og dei som står rundt, over ord og minne om Øyvor, som var sjuk heile sitt korte liv. Ø er ein song om sorg og omsorg, om ho som er borte, og dei som er att. Ø er eit syn av snø og eld, av det som fell og det som frys, og av det som brånar og gløder. Ø er nemninga av den tomme mengda, ei mengd som ikkje har nokon element. Ø er ikkje det same som ingenting, men kva er det då? Ø er ein formsikker elegi, eit forsøk på å nærma seg det som både er ordlaust og språkløysande.
Les mer
Her finn vi djupe og tankevekkjande refleksjonar over døden som fenomen, grunnleggjande poetiske tankar som er noko av det mest gripande eg har lese på lenge: .vit at snøen fell over deg og grava di/ tidleg i februar og til alle tider..
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234006548
Publisert
2022-01-03
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
285 gr
Høyde
226 mm
Bredde
153 mm
Dybde
13 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
145
Sjanger
Skjønnlitteratur
Innkjøpsordning
Kulturfond