Breitt utval tekstar frå sentral gjendiktar. Johannes Gjerdåker (1936-2020) er ein av dei viktigaste gjendiktarane våre. Han har gjort strålande arbeid med diktarar frå klassisk litteratur til vår eiga tid, og har fått fleire prisar. «Gjendiktingar» inneheld høgdepunkta frå gjendiktingsarbeidet til Gjerdåker. Ved sida av hans eigne bøker er det teke med dikt og songar frå antologiar, aviser, tidsskrift og plater. Nokre tekstar til sentrale klassiske musikkverk er òg inkluderte. Robert Burns var ein sentral diktar for Gjerdåker. Elles femnde han svært vidt: Gjendiktingane hans strekkjer seg frå klassikarar på latin via islandsk visetradisjon, engelske og tyske romantiske diktarar og modernistiske dikt til kjende popsongar. Her er òg nokre av hans eigne dikt med, 23 meisterlege sonettar frå debutboka Skot på gamal stuv (1978). Det høver å minna om at ein god gjendiktar òg må vera ein god diktar. «Gjendiktingar» er redigert av Per Olav Kaldestad. Håvard Rem har skrive etterord.
Les mer
Redigert av Per Olav Kaldestad. Håvard Rem har skrive etterord
Gjendiktingar er ikkje ei bok som ein les og legg bort. Det er ei bok som står parat i bokhylla.

Produktdetaljer

ISBN
9788234006524
Publisert
2023-01-04
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
785 gr
Høyde
233 mm
Bredde
162 mm
Dybde
38 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
461