På eit psykiatrisk sjukehus kjempar både tilsette og pasientar for å oppretthalde kontroll. Dokter Falk luktar stadig oftare av alkohol og har begynt å overnatte på kontoret, flyktningen Bilal får ikkje opphaldsløyve og har slutta å ete, og den tidlegare skodespelaren Katharina skiftar namn og set opp teater i tv-stua. Sjølv er miljøterapeuten T på randa etter søvnlause netter. Frå vindauget på avdelinga ser ho over til staden der krigsskipet Tirpitz blei bomba, og som farfar hennar var med på å hogge opp etter krigen. No ligg han for døden og all direkte kunnskap om det som skjedde, er i ferd med å forsvinne. Og då ein ny pasient, som påstår at han er Noregs første astronaut, blir tvangsinnlagt, gir ho seg over til han - til det einaste mennesket som ser henne for den ho verkeleg er. .
Les mer
Den gjennomkomponerte romanen viser solid handverk [...] Ein eksistensiell og politisk kommentar til alt det individuelle strevet som skjer i kulissene av samfunnslivet, samtidig som boka gir tankar om korleis historiske hendingar manifesterer seg i psyken til kvar og ein av oss. Det er ein naudsynt refleksjon i ei tid der lengten etter å bli 'holdt av noe annet enn seg selv' ser ut til å bli sterkare i takt med at maskene i det sosiale tryggleiksnettet blir større og større.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234003493
Publisert
2023-03-03
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
452 gr
Høyde
212 mm
Bredde
140 mm
Dybde
27 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
309

Forfatter