Skipsleia langs kysten blir rekna for å vera ein trygg måte å ferdast på, stort sett innanskjers og godt skjerma. Under andre verdskrigen endra det seg dramatisk. «Riksveg 1» og livsnerven mellom kystsamfunna vart til ei «dødslei» med i gjennomsnitt eit krigsforlis i veka. Her ofra 1300 norske sjøfolk, passasjerar og fiskarar livet. Dei vart offer i ein brutal sjøkrig. I dødsklemma mellom vener og fiendar var det ikkje til å unngå at dei fleste mista livet i allierte angrep. Likevel gjorde heimeflåten vår ein enorm innsats for å få folk trygt fram og for å sikre livsviktige forsyningar til heile kysten. Fordi dette måtte skje i eit samarbeid med tyskarane, vart heimeseglarane, heilt ufortent, gløymde heltar i etterkrigshistoria. Dei som reiste med båtane under krigen, var eit tverrsnitt av kystfolket. Menn og kvinner, gjerne saman med barn, men også tyske soldatar og gestapoagentar. Side ved side møtte dei døden, saman kjempa dei for livet. Særmerkt, nytt og oppsiktsvekkande i denne historia er forteljinga om den store sivile innsatsen for å redde menneske frå å døy på havet. Dette er ei skakande forteljing om store menneskelege tap, men også om heltemodig innsats frå heilt vanlege folk langs kysten.
Les mer
"Gunnar Grytås' arbeid bærer bud om en solid og mangeårig innsats. Det er skarpe synspunkter forfatteren vil bære fram, vektlagt med god dokumentasjon. "

Produktdetaljer

ISBN
9788234002908
Publisert
2020-10-07
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
470 gr
Høyde
232 mm
Bredde
158 mm
Dybde
23 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
219

Forfatter