Ein rapport frå fronten om kampen mot klimaendringar, opplysande og rørande.

Focus

«Denne lettlesne og engasjerande boka burde ha stort potensial til å skape forståing for alvoret blant fleire»

- Merete Røsvik, Klassekampen

Ei gripande, kraftig bøn mot klimakatastrofen

3SAT "Kulturzeit

I 2015 gjekk det eit digert snøskred midt i Longyearbyen. Ei jente og ein familiefar døydde. Hausten etter gjekk det fleire jordskred, før eit nytt snøskred rasa inn i eit hus i sentrum. Noko er gale på Svalbard. Sidan 1961 er øygruppa varma opp seks gonger raskare enn verdsgjennomsnittet. Line Nagell Ylvisåker har bygd hus i Longyearbyen, fått to ungar der og kallar plassen for heime. Brått kjenner ho seg uroleg når det er varsla uvêr. Kva i alle dagar skjer med byen hennar? På leit etter svar snakkar ho med skredvarslingsmeteorologen som sjølv vart gravlagd i snømassane i 2015. Ho oppsøker ein fangstmann med 40 overvintringar bak seg, reiser på tokt for å forstå havstraumane, jaktar fossil frå dei historiske Svalbard-skogane og støyter på tre isbjørnar på tur med ungane. Gjennom året følgjer ho òg arbeidet med å sikre Longyearbyen mot naturfarane. Dette er ei forteljing om stigande uro og om å leve midt i klimaendringane.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2020-04-16
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
178
Sjanger
Faglitteratur