Om å satse høgt og drøyme stort Lotte satsar alt på å bli ein dyktig konsertpianist. Men ho blir ikkje vald som solist til Vårkonserten i Wien, og verda hennar fell i grus. Midt i semesteret reiser ho heim til Noreg for å søke råd hos den gamle pianolæraren sin. Jákob var helten til Lotte då ho vaks opp, ein som stilte opp då hennar eigen far var opptatt med alt anna. Men det er noko som ikkje stemmer. Kvifor ville Jákob gi opp karrieren som konsertpianist for å bli pianolærar i Noreg? Kva var det som skjedde i Ungarn, som gjorde at han måtte flykte tidleg i tjueåra? "Lyden av to hender" er ein roman om musikk, store draumar og skjebnesvangre val - og om støyen frå alt det vi ikkje snakkar om. Boka er Sunniva Relling Bergs første roman for vaksne. Sunniva Relling Berg (f. 1988) kjem frå Ålesund. Ho debuterte i 2011 med den kritikarroste ungdomsromanen "Utfor", som blei nominert til Brageprisen. Ho har seinare gitt ut romanane "Beina i gitaren" (2013) og "Polarnatt" (2019) for ungdom. "Lyden av to hender" (2021) er hennar fyrste roman for vaksne.
Les mer
«Velkomponert verk om talentfull musikar som viklar seg inn i mysterium frå fortida.»

Produktdetaljer

Publisert
2021-02-02
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok