Media er eit bindeledd mellom enkeltmenneske og samfunnet og knyter oss til verda utanfor. Men på kva måtar bruker vi media, og korleis tolkar vi den mangfaldige og fragmenterte informasjonen dei gir oss? Og kva betyr media for samfunnsutviklinga? Dette er nokre av problemstillingane som blir tatt opp i denne innføringsboka i medievitskap. Etter å ha gitt ei oversikt over korleis media har utvikla seg, tar forfattarane for seg ulike typar innhald, bruksmønster og forskingperspektiv. Boka dekker heile mediefeltet og skildrar viktige trendar i dagens medielandskap, som konvergens, digitalisering, sosiale medium og informasjonsoverflod. Ture Schwebs er professor ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking på Høgskulen på Vestlandet. Brita Ytre-Arne er førsteamanuensis ved Institutt for informasjons- og medievitskap på Universitetet i Bergen. Helge Østbye er professor emeritus ved Institutt for informasjons- og medievitskap på Universitetet i Bergen.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234001574
Publisert
2020-04-15
Utgave
8. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
760 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
24 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
360