Politi og røvar Kjell er fødd inn i ein tjuvefamilie, men er ikkje tjuv lenger. Det er ingen i verda Kjell likar så godt som Pølse-Per og det er ingenting i verda Pølse-Per likar så godt som pølser. Men rett før skulen skal på overnattingstur i skogen, flyttar det ein politifamilie til byen. Politijenta Perit skal bli med på klasseturen. Og for Kjell endrar alt seg når Perit blir ein polititjuv: Ho stel bestevennen Pølse-Per. I «Polititjuven» møter vi att Kjell som vi blei kjend med i «Pølsetjuven» frå 2019. Pølsetjuven vann Kulturdepartementets bildebokpris 2019 og Nynorsk barnelitteraturpris. Boka er blitt omsett til fleire språk og satt opp som teater på Den Nationale Scene i Bergen. Marianne Gretteberg Engedal (f. 1986) er illustratør og kokk frå Haugastøl. Utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen. Ho har illustrert fleire bøker for barn og unge. Om Pølsetjuven (2019): «(...) fullständigt originell gatukorsning mellan socialrealism, visuell skrattfest och gammal hederlig rövarhistoria (...) varje omläsning bjuder på nya dealjer att peka på och grunna kring.» Martina Montelius, Expressen «God nok til å bli en av årets beste barnebøker.» Egon Låstad, Periskop.no
Les mer
Med Polititjuven tek Marianne Gretteberg Engedal fast grep om den ferske plassen sin i elitedivisjonen blant norske barnebokforfattarar. I ein frimodig miks av sjangrar finst både noko nytt og noko nostalgisk, noko tidlaust og noko topp moderne i denne kort sagt nydelege biletboka.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234001550
Publisert
2021-09-02
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Serie
Vekt
460 gr
Høyde
304 mm
Bredde
215 mm
Dybde
10 mm
Aldersnivå
3-6
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
41