Ei forteljing om autisme «Ein del av meg døydde. Ein annan del byrja endeleg, endeleg å leve.» I 32 år lever Lina Liman med autisme utan å vite om det. Men ho veit at det er noko som ikkje stemmer. Ho lærer seg å feike for å passe inn, ho speler normal, heilt til det ikkje lenger går. Då journalisten og forfattaren Lina Liman fekk diagnosen som vaksen, hadde ho vore pasient i psykiatrien i sju år. Ho hadde møtt nesten hundre legar, vore tvangsinnlagd og gått på sterke medisinar. At det tar svært lang tid før ei kvinne med autisme blir greidd ut, er ikkje uvanleg. Ofte blir autisme hos kvinner ikkje oppdaga i det heile tatt. Kunsten å feike arabisk er ei gripande og engasjerande forteljing om korleis det er å leve med autisme, og korleis ein diagnose kan forandre livet. Boka er omsett til norsk av Olaug Nilssen. Lina Liman (f. 1980) er journalist med bakgrunn frå Dagens Nyheter og Östgöta Correspondenten. Ho har også skrive den sjølvbiografiske När mörkret kom - en bok om anorexia (2000). Sjølvbiografien Konsten att fejka arabiska kom i 2017. Sagt om Kunsten å feike arabisk: «I Kunsten å feike arabisk skisserer Liman ei kronologisk forteljing om livet sitt med personlege skildringar av korleis autismen hennar kjem til uttrykk. [...] [Ho gjer] ein viktig folkeopplysingsinnsats. Utan å forenkle avdramatiserer ho autisme.» Anna Andersson, Aftonbladet «Autismens paradoks, fabelaktig fortalt.» Anders Kapp, Kapprakt «Liman skriv seg, både pedagogisk og poetisk, gjennom barndommen, tenåra, anoreksien og alle forsøka sine på å prestere og vere «normal» [...] Kunsten å feika arabisk skriv seg inn i ein tradisjon av tekstar om kvinneleg psykisk, ofte misforstått, liding.» Maria Edström, Expressen
Les mer
Liman gir seg ikkje ut i statistikk eller medisinsk historie, i staden skriv ho nært og personleg i eit språk som er forklarande, men også har fine innslag av scener og språklege bilete. [...] Lina Limans forteljing om autisme er augeopnande. [...] Olaug Nilssen er eit godt val av omsetjar, sidan ho kjenner tematikken godt og skriv nynorsk med fin flyt.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234001536
Publisert
2021-08-30
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
461 gr
Høyde
211 mm
Bredde
139 mm
Dybde
29 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
312

Forfatter
Oversetter