I denne praktboka har Herborg Kråkevik samla dei gode, gamle julesongane som familiar har samla seg rundt i generasjonar, og som har gitt trøyst og julefred opp gjennom historia vår. Ho har også teke med advents- og julesongar som står i fare for å hamne i gløymeboka, og julesongar frå nyare tid. Her finn du songane til gang rundt juletreet og til klassen eller barnekoret som skal opptre i førjulstida. Her finn du songar du kanskje var i ferd med å gløyme og nokre du kanskje aldri har høyrt. I tillegg til dei tradisjonelle songane får du også alle dei nyskrivne julesongane til kvar årgang av nye Juleroser. «Julesongboka» er illustrert med kunst og dekor frå gamle «Juleroser 1881-1944». Alle songane er med notar og besifring. «Å ta kvarandre i hendene, gå rundt juletreet og syngja er ein trua tradisjon, men ein umisteleg skatt. Med denne boka håper eg mange vert inspirerte til å hugsa songane og syngja dei i lag.» Herborg Kråkevik
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234000935
Publisert
2020-11-03
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
990 gr
Høyde
247 mm
Bredde
200 mm
Dybde
25 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
269

Redaktør