« Indrehus er god på dei små detaljane, som når ho på presist og sanseleg vis skildrar det å ete ei plomme, og samtidig gir frukta ein større himmel, ved å spenne opp samanhengar mellom vatnet frå skyene, safta til fruktkjøtet og sveitten som piplar ut gjennom porene hennar»

- Helene Hovden Hareide, Klassekampen

Dikt om klima, tid og formødre Eit barnebarn reiser til landskapa bestemødrene har etterlate seg. Regnet har slutta å falle, snøen på fjellet har minka og bølgene filer seg stadig lenger inn i berget. Barnebarnet går inn i dei gamles hus og ut i naturen som omgir dei. Dei gamle sine røynsler smeltar saman med hennar eigne, og ho ser seg sjølv i det som lever vidare og det som tar slutt. Dikta skildrar redsla mange kjenner på i ei verd på vippepunktet, med tanke på både klima, økologi og dyreliv. Eg-et i samlinga kjenner ustanseleg på uro over forandringane som skal kome, og blir slik dratt inn i eit forsøk på å halde fast i tida og generasjonane som har vore før henne. bestemor lappa utslitne bukser til det ikkje var meir igjen skrapa alt smøret ut av boksen brukte den gamle mjølka i nye vaflar sa døden er naturleg men det er ei skam å døy ung Krista Lien Indrehus (f. 1989) kjem frå Bømlo i Sunnhordland og bur no i Trondheim. Ho har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland. "Flør" er den første boka hennar.
Les mer
« Indrehus er god på dei små detaljane, som når ho på presist og sanseleg vis skildrar det å ete ei plomme, og samtidig gir frukta ein større himmel, ved å spenne opp samanhengar mellom vatnet frå skyene, safta til fruktkjøtet og sveitten som piplar ut gjennom porene hennar»
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2021-02-15
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
60
Sjanger
Skjønnlitteratur