Enkeltmenneska som utvandra til Amerika gjorde det i ein kulturell samanheng. Det var ikkje berre flukta frå fattigdom som gjorde at folk vandra ut. På 1830-talet var det ikkje religionsfridom i Noreg, og dei som stod utanfor statskyrkja, kunne ikkje praktisera trua si fritt. I Amerika var det annleis. Etter pionerutvandringa, som hadde sterke religiøse motiv, blei det sendt mengder av «amerikabrev» heim til gamlelandet. Mange skjolda- og vatsbuarar hadde etter kvart slektningar «over there» som dei lengta etter å få sjå igjen. Det var mange som «drog etter». Denne boka legg an eit mikrohistorisk perspektiv på utvandringa frå eit bygdesamfunn på Vestlandet til Amerika i perioden 1837 til 1914. Vi følgjer enkeltpersonar og familiar frå oppbrotet i Skjold og Vats i Noreg til ein ny kvardag i ei på mange måtar heilt ny verd. Boka er rikt kjeldebelagd og byggjer på ny forsking om utvandringsmotiv. Ho gir eit verdifullt tilskot til både lokal- og mentalitetshistorieforskinga.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788230401217
Publisert
2015-03-12
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Scandinavian Academic Press
Vekt
573 gr
Høyde
210 mm
Bredde
135 mm
Dybde
25 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
429

Forfatter