Fartøyhistorie frå Halsnøy, Fjelberg og Valen er boka for deg som er interessert i fiske- og fraktebåtar i dette området frå 1900-talet og fram til i dag. Arild Engelsen frå Tønsberg har i mange år registrert og dokumentert fakta om rundt 500 av dei motoriserte fartøya som har vore i drift her opp gjennom tidene. Dette omfattande arbeidet er grunnlaget for denne boka, som omtalar 150 båtar i alfabetisk rekkefølgje. Seinare kjem band to med fleire båtomtalar. Så langt det har vore mogleg følgjer forfattaren båtane frå «vogge til grav», frå dei blei bygde til dei blei kondemnerte eller tekne ut av teneste av andre grunnar. Forutan omtalar og bilete av båtane, inneheld boka også reportasjar og intervju med folk som har vore knytte til fiske og transport med ulike fartøy i alle år. Spesielt fiske var ofte ei viktig attåtnæring til små og lite lønsame gardsbruk, og det forklarer langt på veg kvifor her opp gjennom tidene har vore så mange fartøy i drift. I tillegg finst mykje anna historisk materiale i boka, mellom anna det historiske funnet av restane etter ein gammal båt i ei myr i Toftevåg på 1800-talet, som fortel om urgammal båtbyggjarkunst i bygdene våre. Jakta «Skjoldmøen» er eit anna døme på gammal tradisjon. Denne boka dokumenterer lokal kysthistorie og -kultur på ein framifrå måte, og er eit godt verk for ein kvar som er interessert i det maritime i regionen.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788230361207
Publisert
2023-10-18
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Lions Club Halsnøy
Vekt
1719 gr
Høyde
307 mm
Bredde
235 mm
Dybde
25 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
317

Redaktør