Boka «Attende til røtene. Skrivne stubbar og teikna rotfantar frå Telemark»
Praktboka «Attende til røtene - Skrivne stubbar og teikna rotfantar frå Telemark» er endeleg å få kjøpt hjå bokhandlarar over heile landet. Denne «coffeetable-boka» skal vera ein fest for auge og for tanke.
Her har biletkunstnaren Knut M. Nesse saman med amanuensis og folklorist Dag Aanderaa, begge frå Telemark, skapt eit forteljingsverk som kan omvende sjølv den minst leselystne og den mest kunstskeptiske. Femti korte, saftige stubbar med like mange og like saftige teikningar som visuelt fylgje, utgjer eit underhaldande tverrsnitt av Telemarks folkloristiske stemme.Tekstane fordeler seg på segner, eventyr, svartebokoppskrifter, folkeviser og balladar med tilknyting til femti ulike stader i Telemark. Slike forteljingar inneheld ofte viktig og grunnleggjande tankegods som kan seie mykje om mentaliteten til folk. I boka har det vore viktig å få med innslag som syner kvinner som handlande hovudperson, med både styrke og lyster.
Når det gjeld folkeminne, er Telemark eit av Noregs mest interessante område. Her har Andreas Faye, Olea Crøger, M.B. Landstad, Moltke Moe, Rikard Berge og mange fleire samla og skrive ned eventyr, segner og folkeviser, og gjort Telemark til landets folkloristiske hovudområde.
Vi må ikkje gløyme at, historisk sett, har menneska heilt opp til vår tid levd brutale, skitne og korte liv - utan folkestyre, godt helsestell, skule for alle, elektrisitet og innlagt vatn. Ennå lever folk som meiner dei har sett tussar, nissar og meire til. Når nokon seier til dei at det kan hende berre var ei rot eller eit krokut tre, vil dei ikkje høyre snakk om slike bortforklaringar.
- Det finst meir der ute, berre ein har auga for det, seier dei.
Boka «Attende til røtene - Skrivne stubbar og teikna rotfantar frå Telemark» peikar på noko grunnleggjande: Rotveltar, eller rotfantar og treskallar, om du vil, er utvilsamt opphavet til mang ei sterk tussmørke-oppleving. S
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788230356678
Publisert
2022-10-07
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kolofon
Vekt
780 gr
Høyde
302 mm
Bredde
215 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
109
Sjanger
Faglitteratur
Forfatter
Illustratør