Gjennom 260 sider i stort format får lesarane vere med på ein spennande biltur mellom Østlandet og Vestlandet. Gjennom mange bilde og ein del tekstar byr vi på mat-, natur- og kulturperler langs vegen. Den nye boka om E134 Haukelivegen er for alle som har reist, eller gjerne vil ta turen på strekninga som har knytt folk i øst og vest saman gjennom alle tider. I tillegg til ei historisk reise, ser vi også litt framover i tid. Aller mest er dette boka om livet langs vegen i dag. Den første kjørevegen over Haukelifjell var ferdig i 1889. Dagens heilårsveg er snart 50 år. Boka er ein hyllest til alle dei som har kjempa for å få ein god veg mellom landsdelane gjennom tidene. Samtidig er boka ei stor takk til dei som held liv i mattradisjonar, kulturlivet og naturlandskapet langs E134 i dag. Dette er Geir K. Hus si første bok. Hus er utdanna pressefotograf, har vore journalist og redaktør, og arbeider no i Landslaget for lokalaviser (LLA). Han er glad i både mat, drikke, naturen og lokalmiljøet. Forfattaren er frå Vestlandet, men bur med familien sin på Østlandet. Velkommen med på turen mellom øst og vest.
Les mer
Bildetekster på engelsk. På omslaget: The E134 Haukeli road : food, nature and culture between east and west ; With captions in english
Dette er en må ha-bok for alle som ferdes langs E134

Produktdetaljer

ISBN
9788230336687
Publisert
2017-11-02
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Hus bok & avis
Vekt
1272 gr
Høyde
287 mm
Bredde
228 mm
Dybde
22 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
255

Forfatter
Bilder av
Contributions by