Hundre år er gått sidan det stod eit flunkande nytt bedehus i Kjølvik. Når historia om dei hundre åra skal forteljast, vert det eit puslespel av opplysningar frå mange kjelder. Protokollane er viktige, med årstal og fakta, saman med forteljingar og minne frå bygdefolk. Forfattaren har brukt symbolikken med bedehusvegger. Inneveggene fortel om menneska til ei kvar tid som har møte, stemne, adventfest og basar. Dei fortel om songen, emissærane, samtalane og summinga under kaffipausen. Ytterveggene fortel om drift og vedlikehald av hus og tomt, men også om alle som fer forbi, om bygda og verda utanfor bedehuset.   Det står respekt av bedehuspionerane og dei som kom etter. Dei la ned arbeid og innsats for bedehuset som møteplass og bønneplass. Dei ofra ikkje berre tid, men også pengar. Pengar til eige bedehus – og til misjonen. Dei som er aktive i Kjølvik bedehus i dag tar arven vidare inn i nye år.   Sosiolog og journalist Torhild Slåtto har skrive historia om bedehusa på Ropeidhalvøya. Ho er oppvaksen i Vatlandsvåg og har tidlegare gitt ut bøkene Vatlandsvåg Handelslag 1914-2004, «Krambu og konto på Kloppå», 15 utdanningshistorier og De første femti. Historien om fleksibel utdanning Norge.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788230027257
Publisert
2024-07-03
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kolofon
Vekt
395 gr
Høyde
241 mm
Bredde
169 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
199
Orginaltittel
Når bedehusveggene fortel...
Sjanger
Faglitteratur

Forfatter