I Det dagblinde Folket gir Helge Ferstad lesaren ein unik innsikt i fortvilinga, maktesløysa og smerta ein person med bipolar sjukdom kan oppleve. Sjølvut leverande og med stor integritet, set han namn på denne smerta, og skildrar også på innsiktsfullt vis tragedien som skjer når hjelparens evne til å skjøne og respektere delar av den sjuke sin tankegang sviktar. Denne boka burde bli pensum for alle som har arbeidet sitt innan psykisk helsevern. Og dei sterke skildringane vil kunne vekkje både gjenkjenning og aha-opplevingar hos mange lesarar - både dei som er råka av sjukdomen, dei som er nærperson, og dei som er hjelparar. Men Det dagblinde Folket er også eit skjønnlitterært verk, med drivande tekst, poengterte skildringar og vellukka bruk av metaforar. Alt dette på bakteppet av ei bøn om gjensidig respekt oss menneskje imellom. Arne Ruset Psykiater/forfattar
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2023-07-24
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kolofon
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter