Orfeus i Warszawa er ei diktbok som gir oss rystande innblikk i krigens gru i eit hærtatt Polen, og som samtidig rommar mange av dei vakraste kjærleiksdikta som finst i polsk poesi. Krzysztof Kamil Baczy.ski (1921-1944) var ein ung kunstinteressert poet som blei kasta inn i krigens brutale røyndom då tyske nazistar okkuperte Polen i 1939. Baczy.ski blei soldat i Heimearmèen og deltok i mange væpna aksjonar. I 1942 gifta han seg med si høgt elska Barbara («Basia»), som blei målet for hans mange kjærleiksdikt. Begge to deltok i det heltemodige Warszawaopprøret mot okkupanthæren, som braut ut i august 1944. Opprøret enda på tragisk vis også for det unge ekteparet, som begge blei drepne av den tyske krigsmakta. Baczy.skis mange etterlatne motstands- og kjærleiksdikt representerer eit strålande kapittel i polsk poesi. "Dette framstår som ei diktsamling som vil gjera den norske omsettingslitteraturen rikare. Eg nøler ikkje med å kalle det stor dikting". (Edvard Hoem)
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788230025383
Publisert
2023-03-27
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kolofon
Vekt
258 gr
Høyde
210 mm
Bredde
150 mm
Dybde
12 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
161
Sjanger
Skjønnlitteratur