Forfattaren presenterer ulike typar av støtte i skriveundervisninga som kan gi målretta og variert skriveundervisning i ulike fag. Ho viser korleis skriving i dei ulike faga bør skje i heilskaplege skriveprosessar knytt til den fagspesifikke tekstkulturen som finst i faget.«Skrivedidaktikk» er delt opp i ni kapittel. Det første tek for seg kva skrivekompetanse er i ulike fag og presenterer viktige prinsipp for planlegging og gjennomføring av skriveundervisning. Dei fem neste kapitla er praktiske og viser ulike måtar læraren kan byggja stillas rundt skrivinga til elevane: ved hjelp av iscenesetjing av kommunikasjonssituasjonen, modelltekstar, skriverammer, språk og samtale. Dei siste kapitla handlar om vurdering og prosess-skriving.Denne 2. utgåva er fagleg oppdatert i tråd med Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. Boka har i tillegg eit vell av eksempel frå alle trinn i grunnskulen og frå ulike fag som norsk, naturfag og samfunnsfag. Skrivedidaktikken er utvikla i tråd med ny skriveforsking. Dette er viktig lesing for alle som arbeider med skriving i skule og lærarutdanning.]]>
Les mer
2. e-bokutgave tilsvarer 2. trykte utgave 2021

Produktdetaljer

Publisert
2021-02-17
Utgave
2. utgave
Utgiver
Vendor
Universitetsforlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
230
Sjanger
Faglitteratur

Forfatter