All kunnskap vi har i dag, kjem av at nokon har stilt spørsmål og undra seg over verda rundt seg. I Undrelaboratoriet snur vi kompetansemåla i læreplanen til forskarspørsmål. Her får du bruke nysgjerrigheita di som ei drivkraft til å finne ny kunnskap, med utgangspunkt i forskingsspørsmål som angår deg. Har du nokon gong lurt på kva som eigentleg skjer i kroppen din når du blir sint? Eller kva papirfly som flyg lengst? Kanskje du har undra deg over korleis det ville vere å bu på Mars? I denne boka skal du mellom anna få lære kva forsking er, og korleis det er å jobbe som ein forskar. Og ikkje minst: Du får undre deg og undersøkje problemstillingar saman med andre. I Undrelaboratoriet oppmuntrar vi deg til å ta vare på nysgjerrigheita di og halde fram med å stille spørsmål om verda rundt deg. Boka er utarbeidd i samarbeid med Nysgjerrigper, Noregs Forskingsråd sitt tiltak for barn og unge.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788211045270
Publisert
2022-06-29
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
413 gr
Høyde
297 mm
Bredde
210 mm
Dybde
9 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
120
Orginaltittel
Undrelaboratoriet 5, d-bok
Sjanger
Skolebøker