Intertekst essens vg3 er ein lettlesen versjon av Intertekst vg3, norsk for studieførebuande etter LK20. Boka følgjer læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg. Ho eignar seg også godt for elevar som følgjer den ordinære læreplanen, men som har behov for ekstra støtte i norskfaget. Intertekst essens har same struktur som hovudboka, og desse kan dermed brukast samtidig i klasserommet. I boka får elevane trinn-for-trinn-hjelp med alt frå skriftlege til munnlege problemstillingar, i tillegg til at dei blir kjende med litterære og språklege sider ved faget. Dei tverrfaglege emna er godt dekte, med djupnelæring som hovudtanke. Kvart bind inneheld ei tekstsamling med tekstar som appellerer til målgruppa. Nettressursen er tilpassa målgruppa. Her finn eleven verktøy til å jobbe vidare med skriving, lesing og munnlege ferdigheiter. I lærarressursen finn læraren undervisningsopplegg, årsplanar og anna materiell som er knytt til boka. Intertekst essens vg3 er også tilgjengeleg som digital bok. Alle komponentane til Intertekst essens finst i både bokmåls- og nynorskversjonar.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788211043931
Publisert
2023-01-04
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Digital bok