NORSKBOKA gir elevane ei grundig innføring i ei rekke sjangrar. Første del av boka rettleiar elevane gjennom ulike former for informerande og argumenterande tekstar, i tillegg til arbeid med fiksjonstekstar. Dessutan inneheld den ein underdel om språk og kultur, i tillegg til ei heilt unik «verktøykasse» med generelle tips og reglar. Undervegs møter elevane spennande oppgåver og oppdrag, som viser dei korleis fagstoffet i boka er relevant ikkje berre i situasjonen som skuleelevar, men òg som yrkesutøvarar og medborgarar i framtida. Andre del av boka er ei fyldig tekstsamling med hovudvekt på nyare, engasjerande tekstar. Her finn elevane eit breitt utval skjønnlitterære tekstar og saktekstar. Tekstane har varierte oppgåver på fleire nivå, og inviterer til arbeid med yrkesrelevans og andre former for dybdelæring. NORSKBOKA møter elevane der dei er. Dei får bruke og utvikle kompetansen sin, og jobbe med innhald som tar fagvalet deira på alvor.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788211035813
Publisert
2021-08-17
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
1289 gr
Høyde
265 mm
Bredde
210 mm
Dybde
22 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Fleksibind
Antall sider
451

Illustratør